Mandag 31.05.10
 Salgbar bok og strevsam kone

 |
 |  Helge K. Strand og forfatter Tobias Salmelid i samtale hos bokhandelen Horjen i Flekkefjord. |  |  Mange møtte opp hos Horjen for å ta del i lanseringen av "Fengslet i fjellheimen". |  |  Tobias Salmelid signerer bok for en av de fremmøtte. |  |  | | Det var lørdag 29.mai. Eg var veldig opptatt av den nye boka mi som skulle lanserast på Horjen Bokhandel kl. 11.00. Bjørg ville vera heime og bake kake til eg kom tilbake. Det ho ikkje fortalte var at ho/me skulle ha mange gjester til middag!
 Alt gjekk bra hos Horjen, forlagsmann Helge Strand kom i rett tid og introduserte meg og boka for dei frammøtte, og gav meg ein fin blomsteroppsats. Smilande butikkdamer hadde lagt alt greit til rette, med bord og kaffemat. Folk kjøpte boka og eg signerte den. Spesielt gildt var det for meg å få telefon frå ein av oldebarna til bokas hovedperson, han var svært takksam fordi eg hadde skrive ned soga om gamle Gunhild og naboene hennes i Salmeli.
Så plutselig fekk eg auga på son min, Kristen frå Kvitsund – og Gunnar og Andreas, og der var kona Elin også! Visste Bjørg at dei skulle komme? Jau, ho hadde fått melding om besøket eit par dager før, det skulle bare vera ein overraskelse for meg! Men, der dukka også ein av dei andre sønene mine, Geir Tore, opp med Kamilla, Joakim og Renate – og det visste ikkje Bjørg om. Butikkdamene var stornøgde, dei hadde aldri hatt så mange inne til boklansering tidligere, sa dei.
Då eg kom heim att eit par timer seinare stod middagen på bordet til oss seks, i hast satte me inn ein ny bordklaff og dekte på til fire til. Både kjøttkakene og grønnsakene vart nok til oss alle ti. Det var godt for meg å få ut denne boka, kjekt å få uventa besøk, og ekstra gildt å ha ei kjærlig kone full av omtanke og arbeidsglede!
Av Tobias Salmelid
« TILBAKE ! | |
 |
| NYHETSBREV | | Interessert i å motta nyhetsbrev fra Commentum Forlag? Fyll inn e-postadressen din under, så sender vi deg relevante nyheter med jevne mellomrom! På grunn av spam har vi måttet sperre denne registreringstjenesten for enkelte e-post-domener, blant annet @yahoo.com. Dersom din adresse sperres, ber vi deg registrere din adresse manuelt via e-post til post@commentum.no. |
|  | LES COMMA PÅ NETT |  |  |  | Vårt nyhetsblad Comma kan leses på nett. Klikk på lenken under.

COMMA |  |
 | GOD SOMMER |  |  |  |  Commentum Forlag ønsker alle en riktig god sommer! |  |
 | KONTAKT OSS |  |  |  | COMMENTUM FORLAG
Gamleveien 87
4315 SANDNES
Telefon:
51 96 12 40
Telefax:
51 96 12 51
SEND OSS EN E-POST |  |

|