Butikk / Historie / Vaulefolket på flukt frå Gestapo
Vaulefolket på flukt frå Gestapo

Vaulefolket på flukt frå Gestapo

  • Forfattere:
  • Historie | 17 mai 2017
kr 349.00
Frå 1943 vart ein av dei viktigaste sendarane for etterretning i Rogaland plassert på Vaule i Bjerkreim. Sendaren skulle dekke Stavangerområdet. Då denne sendaren vart oppdaga, måtte alle på dei to gardane flykta, i hui og hast, midt på natta. Mange leid mykje vondt då dei gøymde seg for tyskarane. Dei låg ute under steinar, i hellerar og inne i løer. Ei av løene vart det sett fyr på, dette for «å brenna ut flyktningane» som tyskarane trudde var inne i bygningen. «Vi hadde ingen sjanse til å rømme, for vi var omringet av ca. 100 mann. Våpen og annet av verdi ble kastet i flammene, og vi gikk ut og overgav oss», skreiv Ludvig Vaule om då han og to andre gjekk ut til gestapisten Hølscher og medhjelparane. Fleire av personane skreiv dagbøker om opplevingane frå flukta, fangenskap og tortur. Nokre kom seg over til Sverige, andre vart fengsla i Stavanger, Møllergata 19 eller på Grini. Nokre gøymde seg rundt i bygda til freden kom. I boka finn vi mellom anna utdrag av dagbøker, forteljingar, gamle brev og dokumenter.

Produktinformasjon

  • Forlegger: Commentum Forlag AS
  • Publiseringsdato: 4 september 2015
  • Dimensjoner: x

Bokbeskrivelse